Aktuelt

Bondens bord får støtte frå fylkeskommunane og Innovasjon Noreg - fleire gardsbruk inviterast med

Fjellnettverket har fått finansiering frå Agder fylkeskommune, Innlandet fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune og Innovasjon Noreg til å vidareutvikle Bondens bord. Nye gardsbruk frå fjellkommunane i Agder, Innlandet, Telemark og Buskerud inviterast til å samarbeide med etablerte Bondens bord-gardsbruk.

Gjennomført: Rådsmøte 2025

12. mai vart årets viktigaste møte i Fjellnettverket, rådsmøtet gjennomført.  Der avgjer medlemmene kva Fjellnettverket skal arbeide med framover.   

Fjellnettverket presentert for fylkesutvalet i Buskerud

Fylkesutvalet i Buskerud inviterte Fjellnettverket til å presentere arbeidet og satsingane framover. Behov for fjellpolitikk, satsing på tilflytting, Bondens Bord og organisering av nettverket vart lagt fram for politikerane og fekk invitasjon til årets Fjellkonferanse i Hemsedal. -Det var kjekt å møte engasjerte politikerar, som anerkjenner at arbeidet for å styrke fjellområda er viktig, seier dagleg leiar Kari Randen.   

Fjellkonferansen 2025

Velkomen til årets viktigaste møteplass. Fjellkonferansen 2025 har tema tilflytting og beredskap. Bli med på årets viktigaste konferanse for alle som er opptekne av fjellet. Konferansen er 21. -22. august i Hemsedal på Skarsnuten Mountain Resort & Spa

Bondens bord: Merkevarebeskytta serveringsordning

Fjellnettverket er stolte av å kunngjere at Bondens bord no har fått varemerkebeskyttelse.  – Etter omfattande innsats for å etablere og utvikle Bondens bord som konsept og sikre at produktet held høgste kvalitet, er dette ein stor milepæl for oss, seier Kari Randen, dagleg leiar i Fjellnettverket. 

Kvifor flytte til fjells?

Kvifor har du flytta frå sentrale strøk til ein fjellkommune? Dette er hovedspørsmålet i forskningsprosjektet «Flyttemotivar, haldningar og verdiar hjå tilflytterar i fjellkommunane».  

Innspel til jordbruksforhandingane

Inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper må tettast, meiner Fjellnettverket i innspel til jordbruksforhandlingane. Fjellnettverket meiner det er naudsynt å ha ein politikk som gir gode inntekstmogelegheiter på små og mellomstore bruk og held gardar og jord i drift. 

Totalberedskapsmedlinga: Forbredt på kriser og krig

Fjellnettverket meiner busetting, landbruk og levande lokalsamfunn i fjellområda er avgjerande for nasjonal beredskap. I høyring om Totalberedskapsmeldinga Forberedt på kriser og krig i Justiskomiteen på Stortinget løfta vi fram fjellområda si rolle i arbeidet med å sikre Noreg betre rusta for framtidige kriser.

Forslag frå Fjellnettverket opp i Euromontana

Styreleiar i Fjellnettverket Tine Norman og styremedlem Hanne Velure er styremedlemmer i Euromontana. No har dei hatt sitt første ordinære styremøte og Tine Normann presenterte Fjellnettverket sitt arbeid om tilflytting frå sentrale strøk til fjellområda og ba om innspel og samarbeidspartar. 

Gjennomført. Webinar om sal og salskanalar for lokalmat

Webinaret “Sal og salskanalar for lokalmat” er no gjennomført, med deltakarar frå heile landet. Målet med webinaret var å gi auka innsikt i korleis lokalmatprodusentar kan nå kundane sine og styrke lønsemda gjennom gode val av salskanalar.