Aktuelt

Fjellkonferansen 2026 – årets viktigaste møteplass for fjellområda

20.–21. august | Straand Hotel, VrådalFjellkonferansen er den årlege møteplassen for alle som er opptekne av framtida for fjellområda. Her møtest fagmiljø, politikk, forvaltning, næringsliv og frivillig engasjement for å auke kunnskap, dele erfaringar og bygge nettverk for framtida.

Opne garden for gjester - bli med i Bondens bord

Driv du gardsbruk i fjellet? Likar du å lage mat og formidle? Produserer du eigne råvarer? Då kan Bondens bord vere mogelegheita for deg! Fjellnettverket søkjer fleire engasjerte gardbrukarar til å vere med i ei ny og spanande serveringsordning med røter i det ekte og lokale. 

Gjennomført: Kommisjonen som formar framtida – kva betyr det for fjellkommunane?

Fjellnettverket gjennomførte 4. mai eit digitalt møte om kommunekommisjonen og kva arbeidet betyr for fjellkommunane. Møtet samla 78 deltakarar frå kommunar, fylkeskommunar, statlege aktørar og regionale samarbeid i fjellområda.

Gjennomført: Kvifor vel folk fjellet? Forsking og erfaringar frå ei bygd i vekst – digitalt møte i Fjellnettverket

27. februar kl. 09.00–10.30 | Digitalt møteFjellnettverket gjennomførte 27. februar eit digitalt møte med fokus på tilflytting, forsking og utviklingsarbeid i fjellområda. Møtet samla brei deltaking frå kommunar, fylkeskommunar, statlege aktørar, forskingsmiljø og utviklingsaktørar frå heile landet.

Høyringssvar frå Fjellnettverket: Forslag om endring i plan og bygningsloven -Forbod mot bygging i myr

Regjeringa har foreslått å endre plan og bygdningsloven og ta inn forbod mot nedbygging av myr. Styret i Fjellnettverket støttar intensjonen om å ta vare på myr og unngå bygging på myr for å bevare dei mange og viktige økosystemtenestene myr leverer, mellom anna opptak og lagring av karbon, ivaretaking av naturmangfald og klimatilpassing.Fjellnettverket støttar ikkje forslaget om å innføre eit generelt forbodet mot nedbygging av myr slik forslaget er utforma. Fjellnettverket meiner forslaget har både prinsipielle og praktiske utfordringar.

Statsbudsjettet 2026: Kompetanse og arbeidskraft i distrikta

Regjeringa vil styrke tilskot til studiesenter i distrikta, men samtidig avvikle ordninga som mobiliserer unge og arbeidsledige til utdanning og kompetanseheving. Fjellnettverket åtvarar mot kutt som kan forsterke utanforskap og svekke verdiskaping i distrikta.

Statsbudsjett 2026: Kutt i viktig distrikttiltak for innovasjon

I forslag til Statsbudsjett 2026 er FORREGION foreslått avvikla. Ei avvikling av FORREGION vil få negative konsekvensar for små og mellomstore verksemder over hele landet. Ordninga er særleg viktig for små og mellomstore bedrifter i distrikta, som gjennom ordninga får tilgang til forskingskompetanse. 

Statsbudsjett 2026: Fjellnettverket ber om styrka beredskap

Mange fjellkommunar manglar nødstraum og reserveforbindelsar til mobilnettet. Det kan få alvorlege konsekvensar ved ekstremvêr og straumbrot. Fjellnettverket ber om meir pengar til Nkoms program for forsterka ekom, slik at fleire kommunar får tryggare mobildekning og betre beredskap.

Forskar på ubebudde småbruk

Kva betyr dei for eigarane – og korleis kan fleire bruk bli tilgjengelege?

Ny studie - kvifor vel folk fjellet

Ny forskning på tilflytting. Rapporten Å velge fjellet: Tilflyttere sine historier om liv, valg og verdier vart lansert på Fjellkonferansen 2025. Gjennom intervju ser rapporten på kvifor folk flyttar frå sentrale strøk til fjellbygdene.