Aktuelt

Gode økonomiske rammevilkår for kommunane er ein føresetnad for busetnad over heile landet

Inntektssystemutvalget skal gå gjennom korleis inntektene til kommunane skal fordelast i framtida. For Fjellnettverket er det spesielt tre område som er viktige: Vilkåra for distriktskommunane,  dimensjonering av tenester etter brukartal og inntekter frå naturresursar.    

Innspel til Bionova

Regjeringa er i gang med å utgreie Bionova. Det skal vere eit verktøy for å finansiere klimatiltak i jordbruket og  bidra til innovasjon og verdiskaping i jordbruk, skogbruk og havbruk. Fjellnettverket har kome med innspel til arbeidet og meiner Bionova kan bli eit viktig tiltak for å oppfylle klimaplanen til landbruket.  Det trengs ei målretta, godt finansiert og  rettigheitsbasert ordning for heile landet, meiner Fjellnettverket.     

Fjellnettverket med innspel til jordbruksforhandlingane

Inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper må tettast, meiner Fjellnettverket i innspel til jordbruksforhandlingane. Fjellnettverket meiner det er naudsynt å ha ein politikk som gir gode inntekstmogelegheiter på små og mellomstore bruk og held gardar og jord i drift.  

Straumkrisa råkar reiselivet i fjellet svært hardt

Det hastar med å sette i verk tiltak for å redusere kostnadene for reiselivet i fjellet. Etter to år med nedstenging og koronatiltak, har reiselivet no rekordstore utgifter til straum. Fjellnettverket er uroa over utviklinga i næringa og dei negative ringverknadene for fjellområda og har teke kontakt med både næringsministeren og olje- og energiministeren og Stortinget for å løfte denne saka.     

Forslag til ny plan og bygningslov

Fjellnettverket meiner forslaget til ny plan og bygningslov frå Kommunal og moderniseringsdepartementet ikkje tek nok omsyn til situasjonen i fjellområda. Fjellnettverket ber departementet om å supplere forslaget med ordningar og regelverk som er betre egna for fjellkommunar. Fjellnettverket foreslår at forslaget utvidast slik at ein sikrar at det nye regelverket er relevant både for bygd og by.

Webinar: Har korona endra framtida for fjellområda?

    Koronakrisa har endra samfunnet. Korleis påverkar dette framtida for fjellområda? På seminaret vart det presentert nye tal for befolkningsutvikling og næringsliv i fjellet.   

Avtale med NIBIO: Forskingsrapport om berekraft i fjellet.

No er det endeleg klart! Fjellnettverket signerer avtale med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) om å skrive ein rapport som ser på berekraft i fjellet. Oppdraget til NIBIO er å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om klima og berekraft for matproduksjon og reiseliv i fjellet.    

Fjellnettverket med innspel til regjeringsforhandlingane

      Fjellnettverket ber om at den påtroppande regjeringa i legg inn ei «krisepakke for jordbruket» i den nye regjeringsplattforma.  For fjellbygdene og distrikta er det heilt nødvendig at jordbruket blir styrka og at dei gardsbruka som framleis er i drift kan utvikle seg vidare.

Gode ord er ikkje nok- det må gjerast noko

Det er på tide med ein offensiv politikk der ein set i verk dei føreslåtte tiltaka frå både Demografiutvalet, Distriktsnæringsutvalet og ungdomens distriktspanel. . Nå må ord gjerast om til handling.     

Rapport: Oppsummering av Fjell Noreg på IGW

For eitt år, to år og tre år sidan var dyktige fjellfolk i full aksjon på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin. Det var første gong fjellområda samla seg under namnet Fjell Noreg og første gong fjellområda hadde sin eigen del av den tradisjonsrike marknadsføringa av Noreg. No kan du lese om arbeidet og resultata i rapporten Fjell Noreg på IGW.