Aktuelt

Høyringssvar frå Fjellnettverket: Forslag om endring i plan og bygningsloven -Forbod mot bygging i myr

Regjeringa har foreslått å endre plan og bygdningsloven og ta inn forbod mot nedbygging av myr. Styret i Fjellnettverket støttar intensjonen om å ta vare på myr og unngå bygging på myr for å bevare dei mange og viktige økosystemtenestene myr leverer, mellom anna opptak og lagring av karbon, ivaretaking av naturmangfald og klimatilpassing. Fjellnettverket støttar ikkje forslaget om å innføre eit generelt forbodet mot nedbygging av myr slik forslaget er utforma. Fjellnettverket meiner forslaget har både prinsipielle og praktiske utfordringar.

Statsbudsjettet 2026: Kompetanse og arbeidskraft i distrikta

Regjeringa vil styrke tilskot til studiesenter i distrikta, men samtidig avvikle ordninga som mobiliserer unge og arbeidsledige til utdanning og kompetanseheving. Fjellnettverket åtvarar mot kutt som kan forsterke utanforskap og svekke verdiskaping i distrikta.

Statsbudsjett 2026: Kutt i viktig distrikttiltak for innovasjon

I forslag til Statsbudsjett 2026 er FORREGION foreslått avvikla. Ei avvikling av FORREGION vil få negative konsekvensar for små og mellomstore verksemder over hele landet. Ordninga er særleg viktig for små og mellomstore bedrifter i distrikta, som gjennom ordninga får tilgang til forskingskompetanse. 

Statsbudsjett 2026: Fjellnettverket ber om styrka beredskap

Mange fjellkommunar manglar nødstraum og reserveforbindelsar til mobilnettet. Det kan få alvorlege konsekvensar ved ekstremvêr og straumbrot. Fjellnettverket ber om meir pengar til Nkoms program for forsterka ekom, slik at fleire kommunar får tryggare mobildekning og betre beredskap.

Forskar på ubebudde småbruk

Kva betyr dei for eigarane – og korleis kan fleire bruk bli tilgjengelege?

Fjellnettverket søkjer gardsbruk til å vere med i Bondens bord

Driv du gardsbruk i fjellet? Likar du å lage mat og formidle? Produserer du eigne råvarer? Då er dette mogelegheita for deg! Fjellnettverket søkjer fleire engasjerte gardbrukarar til å vere med i den nye serveringsordninga Bondens bord. 

Bondens bord får støtte frå fylkeskommunane og Innovasjon Noreg - fleire gardsbruk inviterast med

Fjellnettverket har fått finansiering frå Agder fylkeskommune, Innlandet fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune og Innovasjon Noreg til å vidareutvikle Bondens bord. Nye gardsbruk frå fjellkommunane i Agder, Innlandet, Telemark og Buskerud inviterast til å samarbeide med etablerte Bondens bord-gardsbruk.

Rådsmøte 2025

12. mai er er datoen for årets viktigaste møte i Fjellnettverket, rådsmøtet.  Der avgjer medlemmene kva Fjellnettverket skal arbeide med framover.     

Fjellnettverket presentert for fylkesutvalet i Buskerud

Fylkesutvalet i Buskerud inviterte Fjellnettverket til å presentere arbeidet og satsingane framover. Behov for fjellpolitikk, satsing på tilflytting, Bondens Bord og organisering av nettverket vart lagt fram for politikerane og fekk invitasjon til årets Fjellkonferanse i Hemsedal. - Det var kjekt å møte engasjerte politikerar, som anerkjenner at arbeidet for å styrke fjellområda er viktig, seier dagleg leiar Kari Randen.    

Fjellkonferansen 2025

Velkomen til årets viktigaste møteplass. Fjellkonferansen 2025 har tema tilflytting og beredskap .  Bli med på årets viktigaste konferanse for alle som er opptekne av fjellet. Konferansen er 21. -22. august i Hemsedal på Skarsnuten Mountain Resort & Spa